Det er bluesfestival på Notodden om dagen. Det er et rikt bluesmiljø på Notodden. Musikalsk er det mykje bra. Svært bra! Diverre florerar det av kjedelege U.S.A. - inspirererte tekstar. Gjesp! Høyrer eg stadnavnet Mississippi ein gong tel, trur eg at eg må spy. Eg finn det kjedeleg og lite gjevande. Det fins sjølvsagt nokre tekstforfatterar som har norske tekstar til blues: Kåre Virud er ein av dem. Eg skulle ynkskje meg skikkeleg blues i samme kvalitet som tekstane til: Arne Moslåtten (Hellbillies), Stein Torleif Bjella, Odd Nordstoga, Bjørn Eidsvåg, Erik Bye, Alf Prøysen fe å nevne nokre favorittar. Nokre skikkelege vakre lyriske tekstar med blåtoner til. Det hadde vore noko. Men i manko av slike (Kom gjerne med tips). Så kom eg til at eg fekk prøve meg sjølv. Eg kjem med eit lite naturkulturelt mosegrodd innslag frå Gransherad: I form av ein snikkarbileblues. (Diverre strekker mine kreative evner seg til tekst og bileter. Blåtonene får dykkar diverre lågå sjølv). Håpar at den fell i smak.
*Ei snikkarbile er ei øks. (Wikipedia: sjå her).- Ei bile med langt blad er ei laftebile. Litt mindre bile er ei snikkarbile. Det er ei fin turøks... (Eit mobilfoto av ei snikkarbile kan du sjå her) . Bilete onder er frå 2009. Det er inspirert av Teodor Kittilsens – Sam Eyde akvarell. Ser du etter finn du både trøll, vetter, nøkken og anna skrømt i detta bilete. (Det finnes veldig mange trøll i berg, ansikter i tåka, i skogen og forsteina i bergskortene. Nøkken ligg i vatnet. Det finnes minst 30 ulike skrømt her i dette bilete. Kan du sjå dem?)…
SNIKKARBILEBLUES
Eg gler meg tel helga eg
Skal på fjellet fe å kjede meg
Treng ikkje onderhellas der
Late dågår: Fiske, pelle bær.
Skal på fjellet fe å kjede meg
Treng ikkje onderhellas der
Late dågår: Fiske, pelle bær.
Klea kan godt ha ein lapp eller to
Sausa inn med sot og fiskeslo
Ruslar rondt i fillute klær
Eg e ein kvardags revolusjonær
Kjem du dit skal eg drøpå deg
Kniven min har kjent flesk før
Trur du ikkje på det, kom om du tør
Kniven heng laust i slire mi
og så må du`kje gløyme bort snikkarbila mi
Finns ikkje facebook der uppå
Kjenner eg e stressa nå
Elt fe mykje digitalt mas
Arbeidstress, prat og kjas
Eg tenkte svinge snikkarbila mi
Flisen fyk, som om eg har dårlig tid
Når eg kløyvar mykje ved
Rænn driten av, og e fær fred
Kjem du dit skal eg drøpå deg
Kniven min har kjent flesk før
Trur du ikkje på det, kom om du tør
Kniven heng laust i slire mi
og så må du`kje gløyme bort snikkarbila mi
Eg plågår ule mot månen eg
Ikkje fysisk, men inni meg
Eg kjenner meg vill og fri
Svingar snikkarbila smertelig
Kryssar folkefar på tvers
Eg syns det e no skikkelig hesj
Helvetes pensjonistar med målespann
Målår skogen rau med blod på tann
Kjem du dit skal eg drøpå deg
Kniven min har kjent flesk før
Trur du ikkje på det, kom om du tør
Kniven heng laust i slire mi
og så må du`kje gløyme bort snikkarbila mi
Eg ekje slik lågå eg
Vi`kje følgje “T” feil veg
Eg vil tenke sjølv og vørå fri
Og så skal eg svinge snikkarbila mi
Inne mot Fanteturka plågår eg få los
Luktar bålkaffi, aure og potetmos
Der tjønnimellom slær eg meg ned
Der inne finnes ro og fred
Kjem du dit skal eg drøpå deg
Kniven min har kjent flesk før
Trur du ikkje på det, kom om du tør
Kniven heng laust i slire mi
og så må du`kje gløyme bort snikkarbila mi
Der inne e det gore-tex fritt
Fritt fe folk som vil snakke skitt
Eg vil helst vørå aleine eg
Sleppe stygge folk som gneg
Sinnet blir svart, tanken like sjuk
Nåtta bli still og barsenga mjuk
Ræven skrik til tyribålets sus
Eg spølår på min snikkarbileblues.
Kjem du dit skal eg drøpå deg
Kniven min har kjent flesk før
Trur du ikkje på det, kom om du tør
Kniven heng laust i slire mi
og så må du`kje gløyme bort snikkarbila mi
Sinnet blir svart, tanken like sjuk
Nåtta bli still og barsenga mjuk
Ræven skrik til tyribålets sus
Eg spølår på min snikkarbileblues
J-EP 2011
God blues!
(PS: Eg ser at blogger som eg har linket til har blitt borte. Dette skjedde då eg endra bloggadresse.. Eg skal få dessa upp igjen,men det kan drøye til utpå hausten. Orsak).
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar
Bruk "Anonym" om du ikke har noen konto